Verdigrunnlag i Prestebakken barnehage
Vi har fokus på at alle barn er like mykje verdt og likstilt i forhold til kvarandre. Personalet er bevisst sin rollemodellfunksjon og reflektere over eigne haldningar, for best mogleg kunne formidle og fremje likeverd og likestilling
Vi er trygge vaksne som anerkjenner barna og ivaretek barndommens eigenverdi, vi legg grunnlag for eit godt liv, der barna utviklar eit positivt forhold til seg sjølv og tru på eigne evner.
Barna skal oppleve bærekraftig utvikling ved å ta vare på seg sjølv og naturen. Vi vaksne skal være gode rollemodellar som lærer barna å tenke kritisk og handle etisk. Barna skal få varierte naturopplevingar slik at dei blir glade i og opplever tilhøyrsle til naturen.
Vi arbeider for eit inkluderande fellesskap med vekt på demokrati, vi gjev barna moglegheit for å utvikle forståing for samfunnet og verda dei er ein del av. Barna skal medverke i barnehagens innhald,uavhengig av alder og funksjonsnivå.
Vi gjev barna moglegheit til å etablere gode helsevanar, og gje dei moglegheiter og utfordringar utifrå individuelle behov. Barnehagen skal være ein trygg og utfordrande stad der vi vaksne førebygger og fremjar barna si fysiske og psykiske helse, der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap
Vi er personale som ser og anerkjenner barna, vi syner gjensidig respekt for kvarandre ved å være gode rollemodellar. Vi legg til rette for inkluderande miljø der det er plass til alle, det handlar om tilhøyrigheit, at alle barn vert sett og anerkjent, alle er verdifulle.
Vi gjev barna moglegheit til å etablere gode helsevanar, og gje dei moglegheiter og utfordringar utifrå individuelle behov. Barnehagen skal være ein trygg og utfordrande stad der vi vaksne førebygger og fremjar barna si fysiske og psykiske helse, der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap.