Vi og dykk foreldre er eit team, eit lagteam. Saman er vi Team-Prestebakken 24/7.
Saman skal vi gjere det beste for å fylle opp barnets relasjonskapital.
Viktige moment for Team-Prestebakken
- Alle barn skal kjenne seg trygge og føle meistring, vi i Team-Prestebakken jobbar for dette.
- Alle barn skal ha ein god relasjon til dei vaksne, det oss vaksne i Team-Prestebakken som har ansvar for denne relasjonen. Team-Prestebakken tar dette felles ansvaret på alvor.
Alle barn skal vete kva forventningar, normer og reglar som skal følgjast, heime som i barnehagen. Vi skal være eit «venleg» gnagsår. Vi er trygge vaksne som rettleiar på ein god, venleg, inkluderande og trygg måte.
Alle barn skal være omgitt av personale og foreldre som framsnakkar kvarandre. Vi vil kvarandre vel.
Vi er vaksne som ser «bakanfor» atferd, og vi hjelper barna med å ta gode valg, vi gjev dei gode verdiar for godt samspel. Team-Prestebakken bygger opp barnas relasjonskapital.
Krenking føregår sjeldan der trygge vaksne bygger trygge gode læringsmiljø, der vi ser kvart barn, der vi bygger gode relasjonar basert på tryggheit og tillit. Team-Prestebakken er vaksne som tør å sjå, og tør å handle. Vi er barnas fremste og beste rollemodellar, vi er bevist våre holdningar og våre handlingar.
Team-Prestebakken tar vare på kvarandre 24/7.