Fagområda i Prestebakken barnehage
Barnas medverknad til det indre livet i barnehagen er ofte det første skritt for å få innsikt i og erfaring med deltaking i eit demokratisk samfunn. Barnehagen skal medverke til at barna møte verda utanfor familien med tillit og nysgjerrigheit. Barnehagen skal legge vekt på å styrke kunnskap om tilknyting til lokalsamfunnet, natur, kunst og kultur, arbeidsliv, tradisjonar og levesett. Barna skal medverke i å utforske og oppdage nærmiljøet sitt, bli kjent med kulturar og historie som høyre nærmiljøet til. Fagområdet omfattar også medias tyding for barnas liv.
Barnehagen skal gjennom sitt arbeid gje barn moglegheit til å oppleve kunst og kultur, og til sjølv å uttrykke seg estetisk. Å være i lag med barna om kulturelle opplevingar og å gjere eller skape noko felles bidrar til samhøyrigheit. Barn skapar sin eigen kultur utifrå opplevingar. Gjennom rike erfaringar med kunst kultur og estetikk vil barn få eit mangfald av moglegheiter for sansing, opplevingar, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. Fagområdet omhandlar uttrykksformer som bilete-kunst og kunsthandverk, musikk, dans, drama, språk og tilhøyrigheit til kulturelle uttrykksformer
Barn er tidlig opptatt av tal og teljing, dei utforskar rom og form, dei argumenterer og er på jakt etter samanhengar. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barna sin matematiske kompetanse. Barnehagen har eit ansvar for å oppmuntre barna til eigen utforsking og legge til rette for tidleg og god stimulering. Dei yngste barna orienterar seg i romma i barnehagen. Barnet veit kor leikane er, dei veit kor dei et og søv. Barnet kjenner att former, fargar og bokstavar tidleg dersom dei får tilgang på det. Barnehagen skal bidra til at barna får utforske og leike med tal, bli kjent med matematiske omgrep og bli kjend med ulike former.
Naturen gjev rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags veir. Til dømes er naturen er ei kjelde til gode sanseinntrykk og gjev inspirasjon til estetiske uttrykk. Fagområdet skal bidra til at barn vert kjent med og får forståing for planter, dyr, landskap, årstider og vær. Det er eit mål at barna skal få ei gryande forståing av betydninga av ei bærekraftig utvikling. I dette inngår kjærligheit til naturen, forståing for samspelet i naturen og mellom mennesket og natur.
I løpet av småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggande motoriske ferdigheiter, kroppsbehersking, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ivareta helse og livskvalitet. Gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verden og seg sjølv å kjenne. Ved sanseinntrykk og bevegelse skaffar barn seg erfaringar, ferdigheiter og kunnskap på mange områder. Barns kontakt med andre barn startar ofte med kroppslege signaler og aktivitetar, krabbe og klyve på kvarandre, dette har stor betydning for utvikling av sosial kompetanse. Godt kosthold og god veksling mellom aktivitet og kvile er av viktigheit for å utvikle ein sunn kropp. Variert aktivitet både inne og ute er viktig for å utvikling av motoriske ferdigheiter og kroppsbehersking. Aktiv bruk av natur og nærmiljø gjev her mange moglegheiter.
Etikk, religion og filosofi er med på å forme måtar å oppfatte verda og menneskjer som pregar våre verdiar og haldningar. Religion og livssyn legger grunnlaget for etiske normer. Kristen tru og tradisjon har saman med humanistiske verdiar gjennom århundrer prega norsk og europeisk kultur. Respekt for menneskeverd og natur, åndsfriheit, nestekjærligheit, tilgjeving, likeverd og solidaritet er verdiar som kjem til uttrykk i mange religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettigheitane. I Norge er det eit multireligiøst og fleirkulturelt samfunn. Barnehagen skal reflekter og respektere det mangfaldet som er representert i barnegruppa, samstundes som vi tar i vare verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon. Barnehagen skal også lære barna gode samspelsverdiar.
Tidlig og god språkstimulering er ein viktig del av barnehagens innhald. Kommunikasjon føregår i eit vekselspill mellom å motta og tolke eit bodskap, og å sjølv være avsendar av eit bodskap. Både den nonverbale og den verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikle eit godt munnleg språk. Å få varierte og rike erfaringar er avgjørande for å forstå omgrep. Å samtale om opplevingar, tankar og følelsar er nødvendig for utvikling av eit rikt språk. Tekst omfattar både skriftlige og munnlige fortellingar, poesi, dikt, rim, regler og songar. Viktige sider ved kulturoverføringa er knytt til kommunikasjon, språk og tekst.