Eigarvedtekter

§1 Føretak

«Småbarnsforeldrenes barnehage Førde SA» er eit andelslag med skiftande medlemstal og kapital.
Føretaket har organisasjonsnummer: 958023863.
Føretaket har forretningsadresse: Kyrkjevegen 30 D 6809 Førde.

§2 Formål

Føretakets formål er å eige og drive barnehage til det beste for medlemane og deira barn. Formålet gjev ikkje kapitalavkastning til medlemane. Eventuelt årsoverskot skal godskrivas eigenkapital i føretaket.

§3 Medlemskap

Føretaket er opent for foreldre/føresette som får tilbod om barnehageplass i barnehagen. Når foreldre/føresette har akseptert tilbod om barnehageplass, pliktar dei å bli medlem av føretaket. Medlemskapet kan etter avtale med dagleg leiar overdragast mellom føresette som har felles barn. Andelseigarane har førsterett til å ha sine barn i andelslaget sin barnehage. Ein andel gjev rett til å ha eit barn i barnehagen. Skal føresette ha fleire barn i barnehagen, må det teiknast/kjøpast ein andel pr. barn. Barnehagen praktiserer søskenprioritet.
Medlemane skal ikkje betale medlemskontingent. Medlemane heftar ikkje overfor kreditorane for føretakets forpliktingar. Føretaket kan bruke elektronisk kommunikasjon når det skal gje meldingar, varsel, informasjon, dokument og liknande etter samvirkelova til medlemane, dette såframt medlemane har godtatt det og ikkje noko anna følgjer av lov om samvirkeføretaket.
Når eit medlem skal gje meldingar eller liknande etter lov om samvirkeføretaket, kan medlemane gjere dette ved hjelp av elektronisk kommunikasjon til den e-post adressa eller på den måten dagleg leiar eller styret har fastsatt til dette formålet.

§4 Andelsinnskot

Foreldre som får tilbod om barnehageplass må betale eit andelsinnskot. Kvar andel kostar kr 2000,-. Andelen kan verte overdratt til andre. Eigarstyret må godkjenne overdraginga innan 1. februar. Godkjent overdraging gjev rett til prioritet til barnehageplass etter barnehagen sine opptakskriterier. Overdraging mellom ektefellar og sambuarar som har felles barn treng ikkje slik godkjenning. Det skal likevel meldast andelslaget seinast 14 dagar etter at slik overdraging har funne stad. Andelsinnskotet forrentast ikkje.

§5 Utmelding

Eit medlem pliktar ved skriftlig utmelding å melde seg ut av føretaket samtidig som barnehageplassen blir oppsagt, med mindre annan overdraging er avtalt med styret. Utmeldingsfristen er like lang som oppseiingsfristen av barnehageplassen. Ved overgang til skule vert det naturleg utmelding, og andelens verdi vert tilbakebetalt til medlemane.

§6 Utval i barnehagen

Samansetting og val av eigarstyre: Laget skal ha eit eigarstyre på 3 medlemar med ein vara medlem, valde av årsmøtet. Medlemane vert valt for 2 og vara medlemen for 1 år. Av styremedlemane (3) er høvesvis 2 og 1 på val annakvart år.
Årsmøtet vel leiar årleg. Eigarstyret vel sjølv nestleiar.
Revisor: Ved krav om revisor vel årsmøtet revisor for laget.
Foreldreråd: I samsvar med barnehagelova § 4 skal barnehagen ha eit foreldreråd, jf. vedtektene fastsette av eigarstyret i medhald av barnehagelova kapittel II.  Foreldrerådet er foreldra/føresette for alle barna i barnehagen.
Samarbeidsutval: I samsvar med barnehagelova § 4 skal barnehagen ha eit samarbeidsutval, jf. vedtektene fastsette av eigarstyret i medhald av barnehagelova kapittel II. Årsmøtet vel foreldrerepresentantar og ein vararepresentant til samarbeidsutvalet for ein periode på 1 år.
Valnemnd: Alle val skal førebuast av ei valnemnd, beståande av 3 personar samt ein vararepresentant. Medlemane og vara medlem er valde av årsmøtet for ein periode på 1 år. Ein skal tilstrebe å ha medlemar frå alle avdelingane i valnemnda. Årsmøtet peikar ut ein av medlemane som ansvarleg for å kalle inn til første møte og leie konstituering av nemnda.
Signatur – Prokura: Leiar og eit medlem i eigarstyret har signaturen til laget. Styrar er gjeven prokura.

§7 Styrets oppgåver

Styret skal lede verksemda i samsvar med til ei kvar tid gjeldande lovverk, vedtekter og årsmøtets vedtak. Styret kan ta alle avgjerslene som ikkje i lova eller vedtektene er lagt til andre organ.

  • Styreleiar skal syte for at styret held møte så ofte som det trengst. Eit styremedlem eller dagleg leiar kan krevje at styret kallast saman for å ta opp bestemte saker.
  • Styret skal føre protokoll over styresakene i samsvar med samvirkelova. Protokollen skal underskrivast av dei styremedlemane som har vært med på styrebehandlinga.
  • Styret skal syte for ei forsvarleg organisering av verksemda.
  • Styret skal fastsette planar og budsjett for verksemda, og orientere om budsjettet på årsmøtet.
  • Styret skal holde seg orientert om føretakets økonomiske situasjon og skal sjå til at det blir ført fullgod kontroll med verksemda, regnskapet og forvaltning av formuen.
  • Styret vel regnskapsførar. Styret har ansvaret for at regnskapet saman med styrets beretning leggast fram for årsmøtet.
  • Styret skal sette i verk dei undersøkingane som styret meina er nødvendig for å kunne utføre sine oppgåver.
  • Styret skal føre tilsyn med dagleg leiar og verksemda i føretaket. Styret bør utarbeide og fastsette instruks for dagleg leiar.
  • Styret har arbeidsgjevaransvar i barnehagen.

§8 Styrets vedtak

Styret kan treffe vedtak når meir enn halvparten av alle styremedlemane er til stade eller er med på saksbehandlinga. Styret kan likevel ikkje treffe vedtak utan at alle styremedlemane så langt det er mulig har fått anledning til å delta i behandlinga av styresaken. Har nokon styremedlemar forfall, skal eit vara medlem kallast inn. Styret kan også bestemme at vara møter fast, på denne måten har vara innsikt i verksemda.

 

Eit styrevedtak krev at fleirtalet av dei styremedlemane som er med på behandlinga av ei sak, har stemt for. Står stemmene likt, gjelder det som møteleiar har stemt for. Dei som stemmer for eit vedtak som innebere ein endring, må likevel utgjere minst ein tredjedel av alle styremedlemane.

           

Ved val og tilsettingar er den som får flest stemmer valt eller tilsett. Styret kan på førehand fastsette at det skal stemmast på nytt dersom ingen får fleirtal av dei stemmene som er gitt. Står stemmetallet likt ved val av styreleiar eller møteleiar, blir vaglet avgjort ved loddtrekning. I andre tilfelle der stemmene står likt, gjelder det som møteleiar har stemt for

§9 Dagleg leiar (styrar)

Føretakets daglege leiar tilsettast av styret.

Dagleg leiar skal stå for den daglege administrative og pedagogiske leiinga av verksemda, og skal fjølge dei retningslinjer og pålegg som styret har gitt.
Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som etter forholda i føretaket er av uvanlig art eller av stor betyding.
Dagleg leiar kan elles avgjere ein sak etter fullmakt frå styret i kvart enkelt tilfelle eller når det er til vesentleg ulempe for føretaket å vente på styrevedtak. Styret skal ha melding om avgjersle så snart som mogleg.
Dagleg leiar skal syte for at føretakets regnskap er i samsvar med lov og forskrifter, og at formueforvaltning er ordna på ein trygg måte.
Dagleg leiar har ansvar for at barnehagen har eit internkontrollsystem som er i samsvar med gjeldande lover og føreskrifter.
Dagleg leiar skal minst kvar fjerde månad, i møte eller skriftleg, gi styret melding om verksemda i føretaket, tilstand for føretaket og resultatutvikling.
Styret og det enkelte styremedlem kan til ei kvar tid krevje at dagleg leiar gjev styret ein nærmare informasjon for bestemte saker.

§10 Årsmøte

Årsmøtet er laget sitt øvste organ. Det skal haldast ordinært årsmøte kvart år innan utgangen av mars månad. Det skal sendast ut innkalling med 14 dagars varsel til andelseigarar som er registrerte per. 15. februar same år. Med innkallinga skal det følgje sakliste, årsmelding og årsrekneskap.

Ekstraordinært årsmøte vert halde når:

  • Eigarstyret finn det turvande
  • Minst ¼ av andelseigarane krev det. Også i dette tilfelle skal eigarstyret om mogleg halde innkallingsfristen på 14 dagar.

 

Årsmøtet skal handsame:

  • Val av referent og to til skrive under protokollen.
  • Årsmelding og årsrekneskap.
  • Dei val som er nemnde i § 6.
  • Eventuelt endring i eigarvedtektene.
  • Andre saker som er korrekt meldt inn for behandling.

 

Årsmøtet vert leia av leiar i eigarstyret. Alle vedtak som gjeld større endringar i laget sine vedtekter krev 2/3 fleirtal mellom dei frammøtte, og skal representere minst ½ av andelane. Andre saker vert vedtekne med simpelt fleirtal. Årsmøtet vel to personar til å skrive under årsmøteprotokollen.

§11 Stemmereglar ved årsmøte

Kvar andel har ei stemme på årsmøtet, med mindre noko anna er bestemt. Kvar medlem kan møte ved fullmektig på årsmøtet, men ingen kan være fullmektig for meir enn ein andel. Fullmektigen må legge frem skriftleg og datert fullmakt.

 

Ein beslutning av årsmøtet krev at fleirtalet av dei som deltar i behandlinga av ein sak, har stemt for. Ved stemmelikheit gjelder det som møteleiar har stemt for. Blanke stemmer skal sjåast som ikkje avgitt. Det stillast ingen krav til kor mange av dei stemmeberettiga som må være tilstade for at årsmøtet skal være beslutningsdyktig.

§12 Vedtektsendring

Vedtak om vedtektsendring krev 2/3 fleirtal av dei avgitte stemmer med mindre samvirkeloven stiller strengare krav.

§13 Oppløysing og avvikling

Oppløysning av føretaket besluttast av årsmøtet med det same fleirtal som gjelder for vedtektsendringar.

Føretakets medlemar har rett til å få utbetalt sine andelsinnskot dersom det er midlar i føretaket etter at det har dekket sine forpliktingar.

Gjenverande midlar utover dette skal gå til samvirkeformål eller allmennyttige formål.

§14 Forholdet til lov om samvirkeføretak (samvirkeloven)

Dersom ikkje anna går fram av vedtektene, gjelder lov om samvirkeføretaket (samvirkeloven) av 29. juni 2007 nr. 81 i punkt 16.

 

Eigarstyre
Mars 2012