Driftsvedtekter

Prestebakken barnehage
Kyrkjevegen 30d
6809 Førde
Tlf: 578 204 22

  1. Eigarforhold

    Andelslagets namn er: Prestebakken barnehage, barnehagen er eigd og driven av ”Småbarnforeldrenes barnehage Førde SA”

  2. Føremål

    ”Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.
    Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger.
    Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.” Lov om barnehager § 1.

    Barnehagen skal drivast i samsvar med:

    1. Lov om barnehagar og Utdanningsdepartementet til ei kvar tid fastsette forskrifter og retningslinjer for drift av barnehage
    2. Rammeplan for barnehagar
    3. Vedtekter i Prestebakken barnehage
    4. Årsplan/ handlingsplanar for barnehagen.
    5. Lov om internkontroll og barnehagens eigne tryggleik /internkontrollrutinar.
    6. Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular.
  3. Barnehagens organ

    • Eigarstyret

      Eigarstyret er økonomisk rådgjevande for andelslaget og skal være eit kontrollorgan for andeslaget/barnehagen. Vidare fungerer eigarstyret som barnehagens øvre organ mellom generalforsamlingane.

    • Årsmøtet (Generalforsamlinga)

      Årsmøtet (generalforsamlinga) er andeslagets øvre myndigheit. Det er fastsett eigne vedtekter for andeslaget.

  4. Barnehagen sitt foreldreråd og samarbeidsutval

    For å sikre samarbeidet med heimen, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval. (Jfr. barnehagelova §4) . Foreldrerådet består av foreldre/føresette til alle barna og skal fremje fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Ved avstemming i foreldreråd vert det gitt ei stemme for kvart barn, og vanleg fleirtalsvedtak gjeld.
    Det skal vere eit samarbeidsutval med to representantar for dei tilsette, og to for foreldrerådet, val vert gjort for eitt år i foreldreråd i tilknyting til årsmøtet i eigarlaget. Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv. Samarbeidsutvalet skal være et rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ. Eigar av barnehagen kan delta etter eige ynskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Samarbeidsutvalet skal behandle bl.a. årsplanen for den pedagogiske verksemda og skal bli førelagt og har rett til å uttale seg i saker som er viktig for barnehagen sitt innhald, verksemd og forholdet til foreldra. Slike saker er bl.a. budsjett, driftsendringar, utnytting av ute og inneareala m.m. Ved avstemming i samarbeidtsutvalet gjeld vanleg fleirtal, ved stemmelikheit har leiaren dobbeltstemme. Styrar har rett til å møte, tale og komme med framlegg.

  5. Opptak - oppseiing

    Opptakskriteria

    I Sunnfjord kommune er det samordna opptak som omfattar alle barnehagar i kommunen. Det er eitt hovudopptak på våren kvart år. Søknadsfrist for hovudopptak finn du på kommunen sine nettsider. Fristar og rutinar vert kunngjort gjennom oppslag, annonse og Internett. Tildeling av plassar ved hovudopptak vert gjort i mars/april, avslag på plass og plassering på venteliste vert sendt ut seinast 1.mai. Nye søkjarar som kjem inn etter fristen for hovudopptak, vert registrert på venteliste etter avslutta hovudopptak. Etter at hovudopptak er avslutta har barnehagen kontinuerleg opptak og nye søknader vert registrert og handsama fortløpande.
    Opptak gjennom samordna opptak i Sunnfjord kommune føreset at barnet er busett i kommunen ved oppstart. Søkjarar frå andre kommunar kan bli tildelt plass dersom det er ledige plassar.

    Følgjande grupper er prioritert ved opptak:

      1. Internt opptak, endring av plass storleik (søknadsfrist før hovudopptak)
      2. Opptak av søsken
      1. Barn med nedsett funksjonsevne jmf. Lov om barnehagar § 13.
      2. Barn som bør sikrast barnehageplass som ledd i førebyggande barnevern jmf. Lov om barnevernstenester § 4-4
    1. Andelseigarar som søker Prestebakken barnehage på 1 prioritet ved opptaket.
      1. Andelar som er permisjon (ikkje nye andelar).
      2. Sysken av andelar i permisjon (tvilling)
      3. Nye andelseigarar (ved sysken er det det eldste barnet som har andel, sysken får opptak etter punkt d, alder).
      4. Sysken av nye andelseigarar (opptak etter alder).
      5. Andelar som er overdratt før kommunen opnar for søknad i samordna opptak har prioritet
    2. Barn, utan andel som har søkt Prestebakken barnehage som 1,2,3 og 4 prioritet.
    • Ved overdraging av andel går andelen til det eldste barnet.
      Ein kan kun søke om å få overdratt ein andel, ved eventuelle sysken vert dei prioritert etter 3d.
    • For å kunne gjere nytte av andelen må ein ved hovudopptak søke Prestebakken barnehage som førsteprioritet, om ikkje fell retten til gjere bruk av andelsprioriteten vekk.
    • Ein kan søke permisjon på 1 andel (t.d. skuleovergang) om det er venta familieauke i nær framtid, eller ein har eit barn som skal ha barnehageplass seinare.
    • Ein kan søke om å behalde andelen i permisjon eit år om det syner seg at ein ikkje har fått plass til barnet ved barnehagestart, ein vil da gjere bruk av retten ved neste opptak.
    • Punkt 3b. tvilling/trilling til andelar i permisjon vil ha prioritet foran nye andelssøkarar.
    • Byter ein barnehage misser ein retten til å halde på andelen, verdien skal da tilbakebetalst til eigar av andelen.
    • Ved opptak må ein ta omsyn til barnas alder og kjønn for å sikre ei balansert gruppesamansetjing. Barnehagen drøftar dette med kommunen før samordna opptak. Syner det seg at barnehage må ta særskilt omsyn for å sikre balansert barngruppe så kan dette medføre i sjeldne tilfelle at nye andelseigarar kan bli tilsidesett.
    • Opptak etter 2a og 2b forutset at tilfredsstillande dokumentasjon vert lagt fram frå hjelpetenesta i kommunen. Med hjelpetenesta meinast pedagogisk psykologisk tenestekontor, lege, helsesøster, barnevernstenesta m.m. I dokumentasjonen skal det gå klart fram kvifor barnet har særleg trong for barnehageplass.
    • Eigarstyret står fritt til å endre aldersfordelinga i samband med opptak dersom økonomien i laget tilseier at det er naudsynt. Barn som er tildelt barnehageplass i Prestebakken barnehage har førsterett til auke av opphaldstid når dei har begynt i barnehagen, dersom det etter styrar si vurdering er praktisk og pedagogisk mogleg. Søknad sendast barnehagen og tildeling av ny opphaldstid vert gjort av styrar.

    Opptaksmynde

    Dagleg leiar føretek opptaket til barnehagen i samsvar med opptakskriteria og følgjer den oppsette ventelista. Avgjersle om opptak skal fattast så snart som mogleg etter at barnehagen har motteke ei oppseiing. Klage på avgjersla om opptak kan sendast til Klageutvalet i Sunnfjord kommune som er klageorgan ved klage på tildeling av barnehageplass. Klage skal sendast rådmann og følgje rutinar for forskrift om sakshandsaming ved opptak til barnehage. Ved tildeling av plass skriv foreldra under på at dei har godkjent barnehagen og andeslaget sine vedtekter.

    Opptaksperiode

    • Vi reknar eit barnehageår frå skulestart i august til skulestart året etter. Tildelt barnehageplass gjeld frå det tidspunkt som står på tildelingsbrev/kontrakt, og plassen er bindande til den vert sagt opp skriftleg, eller ut barnehageåret det året barnet begynner på skulen.
    • Barn med “rett til plass” startar den månaden barnet fyller 1 år og vert fakturert frå same månad. I særskilte tilfelle kan barnet starte månaden før 1 årsdag, dette etter avtale.
    • Barn “utan rett til plass” har i utgangspunktet ikkje rett til plass. Barnehagen kan likevel ta dei inn ved opptak om kommunen gjev klarsignal for dette, i form av tilskot for barnet. Dette gjeld fortrinnsvis søsken. Fakturering skjer frå 01.12.

    Oppseiing av andel/plass

    Plassen er bindande til den vert sagt opp skriftleg, eller ut barnehageåret det året barnet tek til på skulen. Ein andel skal seiast opp skriftlig med 3 månaders varsel. Oppseiingstida blir rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Eigarstyret held fast på retten til å krevje full betaling i oppseiingsperioden. Tilbakebetaling av andelen gjerast av styrar innan 14 dagar etter at oppseiingstida er ute. Dersom eit barn skal slutte etter 1. mai må det betalast foreldrebetalingfor mai, juni og juli.

  6. Reglar for foreldrebetaling

    Foreldrebetaling og søskenmoderasjon vert regulert gjennom § 15 i lov om barnehagar og tilei kvar tid gjeldande forskrift. Eigarstyret kan gjere framlegg om auke av satsane utover makspris for å unngå nedlegging eller reduksjon av kvaliteten på tilbodet. Foreldrerådet sitt samtykke må føreligge. (jfr § 4 iforskrift om foreldrebetaling).
    Foreldrebetalinga er månadleg i 11 månader, august er betalingsfri. Betalingsfrist pr månad er ca den 15. Dersom barnet/barna hentast etter ordinær (eller etter avtalt utvida) stengetid må foreldra betale eit gebyr for kvar påbegynte halvtime.
    Ved misleghald av foreldrebetaling, er det eigarstyre som gjer vedtak om oppseiing av barnehageplassen. Reduksjon eller fritak frå foreldrebetaling kan innvilgast etter Lov om sosiale tenester eller Lov om barneverntenester.
    Søknad skal rettast til Sunnfjord kommune.

  7. Opningstider og ferie

    Barnehagen held open fem dagar i veka frå kl. 07.00 - 16.30. Ved sæsrskilde høve har foreldre moglegheit for å tinge utvida opningstid innanfor desse rammene: 06.45-17.15. Som døme på kva som inngår i særskilde tilfelle er at ingen av foreldra har høve til å levere/hente innanfor ordinær tid grunna tildømes lang reiseveg i eigen jobb og den andre part jobbar vekke og er ikkje tilgjengeleg for å hente.
    Opphaldstid for det enkelte barn skal avgrensa til maksimum 45 timer pr. veke.
    Føresette kan søke individuelt om lengre opphaldstid for enkeltbarn.
    Onsdag før skjærtorsdag er barnehagen open til kl. 12.00. Personalet kartlegg behovet hjå foreldra, er det for opningstid denne dagen. Julaftan og nyttårstaften held ein stengt. Barnehagen held stengt på planleggingsdagar (inntil 5 planleggingsdagar i året). Nærmare beskjed gjevast i god tid. Dei fem planleggingsdagane inngår som den femte ferieveka til barna.

    Ferien: I tillegg skal barna ha fri i 4 veker, 3 av vekene skal vere samanhengande og takast ut i perioden 15.mai og til skulestart (anna ordning kan søkjast om). Barna sin ferie skal meldast til barnehagen seinast innan 1 april. På bakgrunn av denne informasjonen utarbeider dagleg leiar ferieliste for personalet og plan for sommardrift av barnehagen. Planen vert førelagt samarbeidsutvalet til uttale og eigarstyret til godkjenning innan utgangen av mai kvart år.

  8. Mat

    Det vert innkrevd matpengar saman med foreldrebetalinga. Satsar som Sunnfjord kommune.
    Frukost vert servert i barnehagen. Hovudmåltid vert tillaga i barnehagen. Hovudsakleg brødmåltid. Snop og snacks berre i særlege tilfelle og etter avtale (t.d. feiring av fødselsdagar og andre festar).I særskilte høve så kan måltida verte endra til at barna må ha med matpakke.

  9. Arealutnytting

    Barnehagens leike- og opphaldsareal føl Sunnfjord kommune sine gjeldande normer for areal. Kor mange barn som ut frå dette kan ha plass innanfor barnehagens totale areal, må likevel vurderast konkret ved kvart opptak.
    Vedrørande arealutnytting gjelder til ei kvar tid "Lov om barnehagar"

  10. Helse forhold/fråvær

    Viss eit barn er sjuk eller har fråvær av andre grunner, må det gjevast beskjed til barnehagen så snart som mogleg.
    Uregelmessig frammøte utan at det gjevast melding til barnehagen kan medføre at barnet mistar plassen.
    Sjuke eller sterkt forkjøla barn må holdast heime dersom det føreligger smittefare. Dersom barnet ikkje kan være ute og delta i aktivitetar på lik linje med de andre barna, bør barnet holdast heime. Daglig leder avgjør i tvilstilfelle om barnet kan være i barnehagen.
    Ved epedimiar/pandemiar kan andre reglar tre inn for kor tid barnet kan vere i barnehagen. Barnehagen føl anbefalingane til FHI og Sunnfjord kommune.

  11. Ansvar

    Personalet har ansvar for barna den tida de er i barnehagen. Eigarstyret er pålagt å teikne ulykkesforsikring for barna.
    Levering og henting av barna er foreldre/føresette sjølv ansvarlig for. Den som følgjar barnet til barnehagen må ikkje forlate barnet før det har vært i kontakt med personalet. Barnet skal hentast av ein voksen person som er kjent for personalet i barnehagen. Dersom barnet hentast av ein annen person enn den/de som vanlegvis hentar barnet, skal barnehagen ha beskjed frå barnets foreldre/føresette om kven som skal hente barnet.
    Beskjeder til personalet, gitt gjennom barnet, skal være skriftleg.
    Andelslaget/personalet har ikkje ansvar for barnet sine klede eller andre eigendelar.
    Personalet må ikkje ta med barna som passasjerar i egen bil eller offentlig transportmiddel utan at det vert brukt forskriftsmessig sikring av barnet, og at det føreligg skriftlig samtykke frå foreldre/føresette.

  12. Internkontroll

    Barnehagen skal ha internkontrollsystem i samsvar med forskrift om systematisk helse, miljø og tryggleiksarbeid (internkontrollforskrifta). Dokumentasjon blir oppbevart i barnehagen. Internkontrollperm for helse, miljø og tryggleiksarbeid er utarbeidet for barnehagen og holdast kontinuerlig oppdatert av dagleg leiar.

  13. Dagleg leiar/personale

    • Tilsetjing

      Barnehagens daglege leiar tilsetjast av eigarstyret. Dagleg leiar representerer barnehagens eigar og er barnehagens daglige administrative og pedagogiske leiar. Dagleg leiar rapporterer til samarbeidsutvalet og eigarstyret. Resten av personale vert tilsett av eigarstyret etter innstilling frå dagleg leiar. Politiattest må framleggast ved tiltreding.

    • Instruks

      Instruks for dagleg leiar og resten av personale fastsettes av eigarstyret i barnehagen.

  14. Misleghald

    Dersom foreldre/føresette som har barn i barnehagen bryter eller let vere å følgje disse vedtekter, foreldrerådets retningslinjer og avgjersle, eller let vere å betale til rett tid den avtalte månadlige foreldrekontingenten til barnehagens drift, kan eigarstyret avgjere at det aktuelle barn skal utmeldast.
    Eigarstyret kan i slike tilfeller krevje innløysing av andelen med straks verknad.

  15. Teieplikt

    Barnehagen skal ivareta forvaltningslovens vedtak om teieplikt, jr. §§13 til 13f og Lov om barnehagar §21, og barnhagelovas opplysningsplikt §22 og §23.

  16. Dugnadsplikt

    Alle foreldrepar er pliktige til å være med på barnehagens dugnadsordning, dette enten i form av å møte på dugnad eller nytte frikjøp av dugnad. I Løpet av året skat ein deLta på 10 timar dugnad og i tillegg ta med mat til eit av barnehagens arrangement. Det kan være ei kake, snittar, boLtar, tapas etc. alt etter kva arrangement som skaL gjennomførast. Barnehagen melder behov for kva type mat. Dette er arrangement som til dømes sommarfest.

    • Kan ein ikkje delta på dugnad eller ynskjer ein å kjøpe seg fri er summen satt til, kr 1000 pr år, 100 kr pr dugnadstime. Dugnadsåret gjeld frå 15 august tiL 15 august.
    • Medlemmer i eigarstyret er fritekne frå dugnad.
    • SamarbeidsutvaLet er ansvarleg for dugnad og administrerer dugnadsarbeidet.
    • Barnehagen melder inn behov for dugnad til samarbeidsutvalet
    • Foreldra sjølve i lag med samarbeidsutvalet held styr på dugnadstimane og melder sum som skal fakturerast til dagleg leiar.
  17. HMS

    Barnehagen skal foreta internkontroll etter gjeldande reglar og forskrifter.

  18. Endring av barnehagens vedtekter

    Desse vedtektene er vedtatt av eigarstyre i prestebakken barnehage. Eigarstyret har råderett til å endre barnehagens vedtekter etter at endringsforslag er førelagt samarbeidsutvalet til uttale.

    Prestebakken barnehage 13.03.2024