Årsplan
Prestebakken barnehage
2024 -2026

Innhaldsliste

Velkommen til barnehagen vår

Prestebakken barnehage er ein 3 avdelings privat andelsbarnehage som starta opp i 1991. Barnehagen er godkjent for 66 plassar. Vi har ei utvida småbarnsgruppe 1-2 år og to store avdelingar for born i alder 3-6 år. Vi har eit kompetent og godt kvalifisert personale som er med å skape eit aktivt og godt læringsmiljø for barna. Barnehagen ligg flott til i sentrum av Førde. Vi har gode tur og aktivitetsmoglegheiter i nærmiljøet, kort veg til skog og sjø som vi brukar aktivt i pedagogisk arbeid med barn. Med Førdehuset i nabolaget har vi kort tilgang til bibliotek, treningshall, symjebasseng, parkområder og museum.

Barnehagens lovverk og arbeidsdokument

Barnehagen arbeider etter lov om barnehagar med gjeldande forskrifter. FN`s barnekonvensjon er sentral i barnehagens innhald. Barnehagens innhald og drift vert regulert i dei mange styringsverkty som seier noko om kva den norske barnehagen skal innehalde. Før vi går i gang med å fortelje deg om vår eventyrlege verden vil vi gje deg ei kort innføring i sentrale styringsdokument som denne årsplanen er bygd på, samt barnehagens viktige formålsbestemming.

Lov om barnehagar

Barnehagelova med tilhøyrande forskrifter reguler barnehagen som pedagogisk verksemd. Viktige og sentrale forskrifter til barnehagelova er mellom anna; foreldrebetaling, pedagogisk bemanning og dispensasjonar,  godkjenning og kvalifikasjonar, politiattest, ansvar for spesialpedagogisk hjelp for barn, barnehageopptak og om tilskot, og den viktige forskrift om rammeplan som styrer barnehagens formål og innhald.

Rammeplan for barnehagar

I august 2017 fekk barnehagane ny rammeplan. Den nye rammeplanen skal gjeve oss føringar for eit mangfaldig og likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet. Planen er eit langt tydlegare styringsdokument som set på dagsorden dei ulike rollene og funksjonane eigar og personale har. Planen set mellom anna på dagsorden mangfaldsperspektivet, helse, livsmeistring, språk, mobbing, overgangar mm. Rammeplanen presiserer at barnehagen skal bygge på eit heilskapleg læringssyn, der omsorg, leik og læring er sentrale område. I tillegg er språkleg og sosial kompetanse i lag med rammeplanens 7 fagområde ein særs viktige del av barnehagens læringsmiljø. Rammeplanen gjev retningslinjer for barnehagens verdigrunnlag, innhald og oppgåver. Du finn Rammeplanen på nettet med adresse: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan

Årsplan Prestebakken barnehage

Prestebakken barnehagen sin årsplan er i hovudsak bygd på barnehagens rammeplan og Lov om barnehagar. Årsplanen skal behandlast og vedtakast av Samarbeidsutvalet i barnehagen og er forankra i dei til ei kvar tid gjeldande lovverk og forskrifter. Årsplanen inneheld blant anna informasjon om korleis barnehagen arbeidar med omsorg, oppseding, leik og læring, årshjul, og dei ulike fagområda. Formålet er å sikre borna gode moglegheiter for utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med bornas heim. Årsplanen er utarbeidd av barnehagens tilsette, og foreldre er invitert til å komme med innspel 🙂

Å danne eit godt barnehagetilbud i Førde

Eit godt barnehagetilbod for barn avhenger av personalets kompetanse og genuine interesse for barnet. Kompetente tilsette kan sikre at barnehagen oppfyller sitt samfunnsmandat i tråd med barnehagens lovverk, formålsbestemming og rammeplan. I prestebakken har vi sterkt fokus på kva rolle dei tilsette spelar i barnas liv, og vi har fokus på den svært viktige relasjonskompetansen som må være til stade for å danne ein god og trygg barnehagekvardag.
For å skape ein god barnehagekvardag ligg nøkkelen for å lukkast i personalsamarbeid og foreldresamarbeid. Å investerer i desse relasjonane skapar dei beste relasjonar for danning av ein god barnehagekvardag for barna.

Barnehagens formålsbestemming og samfunnsmandat

Barnehagens formålsbestemming

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet. Verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.

Barna skal få utfolde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter. Barna skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader.

Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens eigenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og være eit utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap. Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering (Barnehagelova § 1 Formål).

Å arbeide med og forstå barnehagens samfunnsmandat er eit kontinuerleg arbeid som personalet i barnehagen tek på alvor;

Prestebakken barnehage sitt verdigrunnlag

Eg er meg og du er deg, saman er vi VI

Barnehagens verdigrunnlag skal gjennomsyre den daglege drifta, verdiane skal formidlast, praktiserast og opplevast i alle delar av det pedagogiske arbeidet i barnehagen.  Prestebakken barnehage sitt verdigrunnlag er bygd på barnehagelova og internasjonale konvensjonar som Norge har slutta seg til.I relasjonssirkelen under har vi sett inn dei ulike områda som seier noko kva Prestebakkens barnehage sine grunnverdiar skal omfatte;

  • Vi har fokus på at alle barn er like mykje verdt og likstilt i forhold til kvarandre. Personalet er bevisst sin rollemodellfunksjon og reflektere over eigne haldningar, for best mogleg kunne formidle og fremje likeverd og likestilling
  • Vi er trygge vaksne som anerkjenner barna og ivaretek barndommens eigenverdi, vi legg grunnlag for eit godt liv, der barna utviklar eit positivt forhold til seg sjølv og tru på eigne evner.
  • Barna skal oppleve bærekraftig utvikling ved å ta vare på seg sjølv og naturen. Vi vaksne skal være gode rollemodellar som lærer barna å tenke kritisk og handle etisk. Barna skal få varierte naturopplevingar slik at dei blir glade i og opplever tilhøyrsle til naturen.
  • Vi arbeider for eit inkluderande fellesskap med vekt på demokrati, vi gjev barna moglegheit for å utvikle forståing for samfunnet og verda dei er ein del av. Barna skal medverke i barnehagens innhald,uavhengig av alder og funksjonsnivå.
  • Vi gjev barna moglegheit til å etablere gode helsevanar, og gje dei moglegheiter og utfordringar utifrå individuelle behov. Barnehagen skal være ein trygg og utfordrande stad der vi vaksne førebygger og fremjar barna si fysiske og psykiske helse, der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap
  • Vi er personale som ser og anerkjenner barna, vi syner gjensidig respekt for kvarandre ved å være gode rollemodellar. Vi legg til rette for inkluderande miljø der det er plass til alle, det handlar om tilhøyrigheit, at alle barn vert sett og anerkjent, alle er verdifulle.
  • Prestebakken barnehage sitt verdigrunnlag bygger på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.

Bli med inn og sjå kva vi jobbar med ;)

“Innhaldet i barnehagen skal vere allsidig, variert og tilpassa enkeltbarnet og barnegruppa. I barnehagen skal barna få leike og utfalde skaparglede, undring og utforskartrong.
Ein skal sjå arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse, kommunikasjon og språk i samanheng og samla bidra til den allsidige utviklinga til barna. I samiske barnehagar skal dette arbeidet byggje på samisk språk, kultur og tradisjonskunnskap.”
Rammeplan for barnehager 2017

”Omsorg, oppdragelse og læring skal fremme menneskelig likeverd, likestilling, åndsfrihet, toleranse, helse og forståelse for en bærekraftig utvikling” (Barnehageloven § 2 Barnehagens innhold)
Ei av hovudoppgåvene til personale i barnehagen er å skape omsorg for barna. Ved å skape god og nær omsorg skapar vi også ein trygg barnehagekvardag for barna. Vårt personale har omsorg i fokus, dette er ikkje berre sjølvsagt men og ei yrkesetisk plikt. Barna skal oppleve tryggheit, dei skal verte sett, høyrt og rettleia. Omsorg i barnehagen handlar både om relasjonar mellom dei vaksne, tilsette, foreldra og barna og om barnas omsorg for kvarandre.

Vi vaksne i prestebakken barnehage;

  • Vi bidrar til å dekkje barnas behov for fysisk omsorg, inkludert behovet for ro og kvile.
  • Vi legger til rette for at barna kan knyte relasjon til personalet og til kvarandre.
  • Vi sørger for at alle barn trivast, føler seg trygge og føler tilhøyrigheit til barnegruppa.
  • Vi møter alle barn på ein open, varm og interessert måte, vi syner omsorg for kvart enkelt barn og barnegruppa i fellesskap.
  • Vi er lydhøyre for kva barna uttrykkjer, og prøve å oppfylle behovet deira for omsorg på ein god og omsorgsfull måte.
  • Vi støttar og oppmuntrar barna til å vise omsorg for andre og til sjølve å kunne ta imot omsorg.
  • Vi bidrar til at barna kan utvikle tillit til seg sjølve og andre.
”Barnehagen skal gi barn muligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter i trygge og samtidig utfordrende omgivelser” (Barnehageloven § 2 Barnehagens innhold)
Vi i Prestebakken barnehage ynskjer å skape eit stimulerande utviklingsmiljø der barna kan utforske verden gjennom leik og samspel med barn og vaksne, slik at dei kan utvikle eit positivt sjølvbilete og tileigne seg verdiar som kan gjere barna rusta på best mogleg måte til å møte dei krav og forventningar som framtida vil bringe. For barnehagebarn er leik den dominerande form for aktivitet. Leiken har ei sentral rolle for å utvikle og styrke barnets sjølvoppfatning og identitet. Leik er den viktigaste form for aktivitet i barnehagen og i eit barns liv. Leik og læring heng uløyseleg saman, faktorane kan ikkje skiljast frå kvarandre.

Vi vaksne i prestebakken barnehage;

  • Vi skal ha kunnskap om barnas leik og deira læringsprosessar.
  • Vi skal vere støttande vaksne i barna sin leik, gje barnas leik næring og utvikling.
  • Vi skal vere vaksne som organiserer og legg til rette for utviklande og stimulerande miljø som gjev allsidige og varierte opplevingar barna kan byggje vidare på, gje barna erfaringar og kunnskap.
  • Vi undrar oss saman med barna, gjev dei rom for refleksjonar og støttar dei på leit etter forklaringar og resonnement. Vi oppfordrar barna til samleik, og hjelper dei til å løyse konflikter som oppstår. Vi går inn og “styrer” leiken dersom ein vurderer det som nødvendig i forhold til negativ utvikling for enkeltbarn eller gruppa. Vi vil være reflekterte og bevisste på korleis eigne handlingar og væremåte verkar inn på barna.
  • Vi er vaksne som fremjar eit inkluderande miljø der alle barn kan delta i leik og erfare glede i leik, vi vaksne skal bidra aktivt til at alle kjem inn i leiken.
  • Vi observerar, analysyserar, støttar, deltar og bidrar til å gjere leiken meir verdifull på barna sine premissar, samstundes som vi vurderer eiga rolle og deltaking i leiken.
  • Vi rettleiar barna dersom leiken medfører uheldige samspelsmønster.
”Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.” (Rammeplan for barnehager 2017)
Prestebakken barnehage skal være ein plattform for danning til humanitet og demokrati. Vi skal være vaksne som oppmuntrar barna til å vere prøvande og nysgjerrige på omverda, og vi vil bidra til å legge grunnlaget for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap. Ved at barnehagen er med og fremmar positive samhandlingar og solidaritet vil ein kunne redusere avvising, mobbing og vald. Barna lærer gjennom opplevingar og erfaringar med kvarandre og med oss vaksne i barnehagen. For å danne eit godt ”danningsmiljø” i barnehagen er det viktig at kulturen i barnehagen er prega av felles verdiar og normer, eit trygt og godt fellesskap, demokrati, omsorg og medansvar.

Vi vaksne i prestebakken barnehage;

  • Personalet drøftar jamleg si rolle som rollemodellar, tilretteleggarar og samspelspartar, korleis kan vi være den beste rollemodell.
  • Barnehagen vår skal være ein arena for sosial utvikling, læring og ein god arena for utvikling og etablering av gode venskap.
  • Vi observerar og kartlegg barnas trivsel og barnas samværsmønstre i barnegruppa, støttar gode samhandlingar og hjelper dei i konfliktsituasjonar.
  • Barna skal oppleve ein oppvekstarena i barnehagen der vi alle bryr oss om kvarandre, vi tar omsyn til kvarandre og vi tar vare på kvarandre.
  • Vi er vaksne som hjelper barna på ein god måte med problemløysning i konflikter, vi opptrer som trygge og tydeleg vaksne, der barnas oppleving vert teke på alvor.
  • I barnehagen legg vi til rette for refleksjon og undring i lag med barna, vi vel aktivitetar og situasjonar som gjev barna valfriheit og oppleving av tilhøyrigheit.
  • Vi vaksne i Prestebakken er rollemodellar og støttespelarar for gode verdiar og haldningar. Vi ser kvart enkelt barn, vi er engasjert vaksne.
  • Vi skapar eit trygt miljø der det byggast gode relasjonar, der barnas kjennsler vert anerkjent.
”Barnehagen skal gi barn grunnleggende kunnskap på sentrale og aktuelle områder. Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringer med utgangspunkt i barnets interesser, kunnskaper og ferdigheter” (Barnehageloven § 2 Barnehagens innhold)
Vi i Prestebakken barnehage ynskjer å skape eit stimulerande læringsmiljø der barna kan utforske verden gjennom leik og samspel med barn og vaksne. Personale skal legge til rette for at miljøet i barnehagen skal støtte opp om barnas lyst til å utforske, leike, lære og meistre, dette ved å introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materialer osv. Barnas nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær skal anerkjennast, stimulerast og leggast til grunn for deira læringsprosessar. Barna skal få undersøke, oppdage og forstå sammenhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt.

Vi vaksne i Prestebakken barnehage;

  • Vi legg til rette for at barna vert inkludert i eit miljø der barna bidrar til eigen læring og andres læring i fellesskap.
  • Vi legg til rette for heilskaplege prosessar som fremmar barnas trivsel og allsidig utvikling i alle situasjonar og aktivitetar.
  • Vi er vaksne som tek utgangspunkt i barnas interesser, utvidar barnas erfaringar og syte for progresjon og utvikling av barnehagens innhald, vi skapar undring, nysgjerrigheit, kreativitet og gjev barna tiltru til eigne evner.
  • Vi er vaksne som hjelpe barna med å skape forståing og refleksjon rundt ulike situasjonar, tema og fenomen.
  • Vi er vaksne som sørge for at alle barn får varierte ulike oppplevingar og erfaringar, der dei kan bygge vidare på samanhengar, læring, utfordring og meistringsoppleving.
”Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering” (Barnehageloven § 1 Formål)

Eit viktig tema i barnehagen er vennskap og fellesskap, derfor jobber vi mykje med relasjonskompetanse, både mellom barn, tilsette og foreldre. Dette er eit fruktbart arbeid, der bevistgjering av korleis relasjonskompetanse påverkar kvardagen vår kjem til syne i det daglege samhaldet. Ringverknadane er synlege i form av gode vennskap, god dialog, glade barn og tilsette som trivast i jobben sin.
Vi ynskjer også involvere dykk foreldre i dette viktige arbeidet (Team Prestebakken), målet er at barna skal ha med seg ein god ballast og god relasjonskompetanse over i skule. Vi skal arbeide med å auke kunnskap og haldningar, evner og ferdigheiter til å utvikle, vedlikehalde og reparere relasjonar mellom menneskjer. Det er også bevist at det er langt mindre mobbing der barna har ein god relasjonskompetanse, vidare syner det seg også at det vert mindre fråfall i seinare skulegang.
Barnas tidlege erfaringar med jamaldringar har stor betyding for barnas utvikling av samspelsferdigheiter. Korleis barnet vert møtt av andre dannar grunnlag for korleis barna utviklar eigen sjølvkjensle. Ved at barnehagen er med og fremmar positive haldningar vil ein kunne redusere avvising, mobbing og vald. Barna lærer gjennom opplevingar og erfaringar med kvarandre og med oss vaksne i barnehagen.

Vi vaksne i Prestebakken barnehagen;

  • Vi er vaksne som støttar og legg til rette for barnas initiativ slik at vennskap kan etablerast og oppretthaldast, vi hjelper barna med å ta vare på vennskap.
  • Vi lagar gode reglar i lag med barna for korleis vi er med kvarandre, Team – Prestebakken.
  • Vi støttar barna i ta andres perspektiv, sjå ei sak fra fleire sider der barna reflekterer over eigne og andres kjensler, opplevingar og meiningar.
  • Vi lærer og støttar barna i å sette eigne grenser, respektere at andre har sine grenser og hjelper barna i ulike konfliktsituasjonar.
”Barnehagen må sørge for at alle barn får varierte og positive erfaringer med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som redskap for tenkning og som uttrykk for egne tanker og følelser” (Barnehagelova § 2 Barnehagens innhold)

Å arbeide med barnas språkutvikling er eit viktig arbeide i kvardagen vår. Barnas evne til å bruke språket er avgjerande for barnets kommunikasjon med andre barn og vaksne, det handlar om å forstå og gjere seg forstått, barna set ord på erfaringar, dei fortel om viktige ting, og dei klarar etterkvart å reflektere i lag med andre barn og vaksne. Språk er avgjerande for læring, sosiale relasjonar og venskap. På lengre sikt er språkutviklinga avgjerande for å kunne være ein deltakar i moderne demokrati og i eit kunnskaps og utdanningssamfunn. Barnehagen skal vere bevisst på at kommunikasjon og språk påverkar og blir påverka av alle sider ved barnet si utvikling. Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining. Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje barnas ulike kommunikasjonsuttrykk og språk, medrekna teiknspråk. Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling. I barnehagar for samiske barn i samiske distrikt skal barnehagen fremje den samiskspråklege kompetansen til barna. (Rammeplan, 2017)

Vi vaksne i Prestebakken barnehage;

  • Vi stimulerer, responderer og anerkjenner barnas verbale og non verbal kommunikasjon, vi legg til rette for at alle barn involverast i samspel og samtaler.
  • Vi legg til rette for at alle barn skal få varierte og positive erfaringar med å bruke språk som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og uttrykk for eigne tankar og følelsar.
  • Vi er vaksne som er bevist vårt forbilde som språkleg rollemodell, er lydhøyre.
  • Vi føl med på barnas språkutvikling, hjelper og støtter opp om barn som har ulike språklege utfordringar, sein språkutvikling eller er lite språkleg aktive.
  • Vi er vaksne som bidrar til språkleg mangfald, vi støttar fleirspråklege barn i å bruke sitt morsmål, og samtidig aktivt fremme og utvikle barnas norsk-/ samiskespråklege kompetanse.
"Barnehagen skal ta hensyn til barnas alder, funksjonsnivå, kjønn, sosiale, etniske og kulturelle bakgrunn, herunder samiske barns språk og kultur” (Barnehageloven § 2 Barnehagens innhold)
I rammeplanen under natur og miljø står det at barna skal få kjennskap til samisk språk, kultur og tradisjon knytt til nasjonale minioritetar, som til dømes samefolket. Samefolket sin kultur og tradisjon er ein minioritet som vi markerer i barnehagen. Det at barnehagen tideleg syner barna møte med ulike kulturar og tradisjonar er viktig med tanke på respektfull samhandling mellom ulike etniske grupper. Vi ynskjer å skape ein bevistgjering om eigen kulturarv og delaktigheit i andres kultur, og på den måten bidra til forståing og toleranse for forskjellige kulturar og ulike måtar å leve på. I Prestebakken barnehage har vi valt å formidle samisk kultur og tradisjon.

Vi vaksne i Prestebakken barnehage;

  • Vi markerer samedagen og den samiske kultur. Målet å bli kjent med at samane er Norges urbefolkning, få kjennskap til deira særpreg i samisk kultur og kvardagsliv.
  • Vi formidlar og syner fram ulike konkretar som flagg, drakter, skinn, skaller etc.
  • Vi syne film og bilete frå samisk kultur.
  • Fortellingar og songar.
  • Vi lagar samiske matrettar.

Den viktige relasjonskapitalen

"Relasjonskompetanse er kanskje noe av det viktigste vi utvikler i livene våre. Kunsten å omgås andre, skaffe oss venner, etablere nettverk, samarbeide og danne effektive grupper har sitt utgangspunkt i vår medfødte eller utviklede relasjonskompetanse. Hele spekteret av denne kompetansen kan læres og trenes” Jan Spurkeland (2015)
Prestebakken barnehage skal være ein barnehage som er prega av tillit, tryggleik og trivsel i alle ledd. Alle skal ha det bra hos oss, både tilsette, barn og foreldre. I lag med dykk foreldre skal vi jobbe for at barnet dykkar får dei det beste utgangspunkt for å utvikle sin relasjonskompetanse. vi skal i fellesskap arbeide for å få fram det beste i kvarandre. Lukkast vi med dette, vil dette være den beste ballast og kapital vi lag kan gje barna. For å lukkast i dette arbeidet føreset det at vi vaksne er autentiske i møte med kvarandre, i møte med barna og dykk foreldre. Forsking (Juul, Jensen 2002) syner til at for å lukkast må vi vaksne ta på oss heile og det fulle ansvaret for kvaliteten på relasjonen. For å lukkast føreset det at kulturen i barnehagen er ærleg, vennleg, allsidig, forutsigbar, likeverdig, støttande og perga av god dialog. Vi må være autentisk vaksne :)

“En god relasjon bygger på likeverdighet og det er alltid den voksen som har ansvar for kvaliteten på relasjonen. Hvis vi har en god relasjon til barnet kan vi i mye større grad forvente at barnet er villig til å samarbeide. Når barnet ikke samarbeider må den voksne ta ansvar for, ved hjelp av sin sensitivitet, å finne ut hvorfor. Den voksnes sensitivitet omfatter i denne sammenheng evnen og viljen til å forholde seg nysgjerrig, undrende, medfølende, empatisk og reflekterende til barnets selvopplevelse” (Jesper Juul, 2003).

Vi vaksne i barnehagen

For at de som foreldre skal føle dykk trygge på oss som vaksne, og barnehagekvardagen skal verte så god som mogleg er det viktig at vi som personale møter barn og foreldre på ein god og tillitsfull måte. Personalet skal syne omsorg for barnet gjennom heile barnehage-kvardagen, gje barnet allsidige moglegheiter for omsorg, leik og læring. For å skape ein god atmosfære er det viktig at vi er i møtekommande, har ein open og god dialog. Våre pedagogar har alle vidareutdanning innan rettleiing, innad i barnehagen har vi refleksjonsgrupper og i fellesskap med dyktige medarbeidarar jobbar aktivt med å utarbeider gode standardara for barnehagen vår.Vi set gleda og leiken høgst, leiken er i fokus gjennom heile kvardagen. Leiken er barnas naturlege aktivitetsform, og den er lystbetont. Vi legg vekt på høg kvalitet, både pedagogisk og metodisk. Vi ynskjer at barna skal oppleve mykje humor og glede i kvardagen. Respekt og omsorg er viktige element, trygge og tydelege vaksne er med på å gjere barna trygge og tillitsfulle. Vi ynskjer at barna skal verte kreative ansvarsfulle menneske med tru på seg sjølv og framtida. I fellesskap skal vi skape ein trygg og god barnehage der alle trivast og tar vare på kvarandre.

Samarbeid mellom heim og barnehage

“Barnehagen skal leggje til rette for foreldresamarbeidet og god dialog med foreldra. Foreldresamarbeidet skal skje både på individnivå, med foreldra til kvart enkelt barn, og på gruppenivå, gjennom foreldrerådet og samarbeids utvalet” (Rammeplan, 2017).

Samarbeidet mellom personalet og foreldra må byggje på innsikt i kva rolle heimen og barnehagen på kvar sin måte spelar i livet til barnet. Foreldre er dei som kjenner barnet sitt aller best, og som kan være med å synleggjere kven barnet er og kva barnet meistrar eller strevar litt med. Alt før barnet startar i barnehagen ynskjer vi å snakke med deg om akkurat ditt barn, vi vil bli kjent med barnet og dykk som familie, kven er dette vesle barnet som kjem til oss. Føresetnaden for godt samarbeid, god dialog og eit fruktbart og lærerikt barnehageopphald for barnet er god kommunikasjon mellom heimen og barnehagen. Dette ønskjer vi å sikre gjennom foreldremøte, foreldresamtaler, samarbeidsutval og foreldreråd. Samtidig som den daglege kontakten med barnets heim, i hente/ bringesituasjonen, er av største tyding. Her utvekslast beskjedar, historier frå barnas kvardag i barnehagen, kommentarar, idear og annan viktig informasjon. Gjennom året vert det også arrangert felles treffpunkt der de foreldre er invitert, døme på dette er luciafeiring, påskefrukost, sommarfest og forutkafe/ kunstutstilling. Arbeidet i barnehagen skal ta utgangspunkt i ein grunnleggjande respekt for den kompetansen foreldra har som foreldre, og i retten deira til, og ansvaret deira for å oppseda barna sine på den måten som er rett ut frå tradisjonane, normene og vurderingane deira. Det er viktig at både foreldre og personale er aktive og ansvarlege deltakara i den utviklinga og læringa barnet får i barnehagen. Foreldra skal ha innverknad på årsplanlegginga og vurderingsarbeidet i barnehagen og på aktivitetane i barnehagen. Idealet er eit gjensidig samarbeidstilhøve der båe partar gjev kvarandre råd, hjelp og støtte. Sett rammene, det ligger i dykkar stillingsinstruks som foreldre, og vi som barnehagetilsette skal hjelpe dykk foreldre i denne stillinga, vi skal alle være gode rollemodellar for barna. Barn lærer av sine rollemodellar, og dei lærer mest når dei ser kva rollemodellane gjer. Du som foreldre, og vi som tilsette kan utgjere ein forskjell og gje både ditt og andre barn ein moglegheit for eit vennskap dei kanskje aldri hadde førestilt seg. Då treng vi felles verdiar og standardar som både heim og barnehagen arbeider etter.

Vi vaksne i lag med dykk foreldre

Vi som vaksne har eit stort ansvar for å lære våre barn verdien av å inkludere alle, alle treng å kjenne seg inkludert og sett. Eit døme kan være dette med bursdagsfeiring, det er ikkje barnet sitt ansvar å bestemme kven som skal få komme i bursdag eller ikkje, det er dei vaksne sitt ansvar og nokon gong må vi bare bestemme at «alle» skal få være med om det i det heile skal bli nokon bursdag.

Team Prestebakken

Vi og dykk foreldre er eit team, eit lagteam. Saman er vi Team-Prestebakken 24/7. Saman skal vi gjere det beste for å fylle opp barnets relasjonskapital. Viktige moment for Team-Prestebakken

  • Alle barn skal kjenne seg trygge og føle meistring, vi i Team-Prestebakken jobbar for dette.
  • Alle barn skal ha ein god relasjon til dei vaksne, det oss vaksne i Team-Prestebakken som har ansvar for denne relasjonen. Team-Prestebakken tar dette felles ansvaret på alvor.

Alle barn skal vete kva forventningar, normer og reglar som skal følgjast, heime som i barnehagen. Vi skal være eit «venleg» gnagsår. Vi er trygge vaksne som rettleiar på ein god, venleg, inkluderande og trygg måte. Alle barn skal være omgitt av personale og foreldre som framsnakkar kvarandre. Vi vil kvarandre vel. Vi er vaksne som ser «bakanfor» atferd, og vi hjelper barna med å ta gode valg, vi gjev dei gode verdiar for godt samspel. Team-Prestebakken bygger opp barnas relasjonskapital. Krenking føregår sjeldan der trygge vaksne bygger trygge gode læringsmiljø, der vi ser kvart barn, der vi bygger gode relasjonar basert på tryggheit og tillit. Team-Prestebakken er vaksne som tør å sjå, og tør å handle. Vi er barnas fremste og beste rollemodellar, vi er bevist våre holdningar og våre handlingar. Team-Prestebakken tar vare på kvarandre 24/7 • Saman er vi VI, og vi er Team-Prestebakken

"Barnehagen skal bidra til barnas trivsel, livsglede, mestring og følelse av egenverd og forebygge krenkelser og mobbing. Om et barn opplever krenkelser eller mobbing, må barnehagen håndtere, stoppe og følge opp dette” Rammeplan for barnehager (2017)

Er det mobbing i barnehagen?

Det kan vere vanskeleg å definere åtferd blant barnehagebarn som mobbing, men vi veit at det førekjem, og vi veit at det ofte startar i barnehagen. Vi veit at ikkje alle barn har det like godt i barnehage-kvardagen. At barn blir plaga i barnehagen, er dokumentert gjennom fleire undersøkingar og forskingsresultat, mellom anna i rapportane ”Barnehagen som læringsmiljø og danningsarena” (Oppdragsrapport nr. 9/2012, Høgskolen i Hedmark) og ”Barns medvirkning og trivsel i barnehagen” (Samfunnsforskning 2012, DMM/NTNU). Når eit barn blir plaga dagleg eller fleire gonger i veka, er det negativt og alvorleg. Barnehagen trenge engasjerte, kompetente og omsorgsfulle vaksne for å skape 0-toleranse mot mobbing i barnehagen. Barnehagen skal aktivt arbeide for å forebygge mobbing. Kvar går grensene, og når vert eit barn mobba eller krenka er sentrale områder som vert drøfta. Dei vaksne sin tilstadeværelse i barnas liv for å rettleie, korrigere og hjelpe dei i situasjonar som er vanskelege er sentralt for å førebygge mobbing. Eit barn som vert plaga av andre barn eller av lite omtenksame vaksne, får redusert livskvalitet og kan utvikle negative mønster for samspel. Tove Flack, frå læringsmiljøsenteret sin forsking om mobbing er eit svært aktuelt område for oss å jobbe med i barnehage. Flack har og arbeidd med verkty for avdekking av mobbing, både skjult og openlys mobbing. Alle barnehagane og skulane i storkommunen Sunnfjord har fått deltatt på forelseing om mobbing og krenkingar og kva ringverknader dette får for barnet/mennesket. Satsingsområde inkluderande barnehage og skulemiljø.

Barnehagen jobbar førebyggande;

  • Ansvarleggjering av dei vaksne si rolle, aktive og tydelege vaksne.
  • Personalet arbeider målbevisst med relasjonskompetanse, sjølvhevding, empati, rolletaking, prososial atferd, sjølvkontroll, leik, glede, humor etc.
  • Vi er vaksne som brukar anerkjennande kommuniksjon.
  • Vi er vaksne som tar ansvar for å skape eit godt foreldresamarbeid, vi er lydhøyr for foreldras oppleving av barnets kvardag.
  • Vi observerar samspel mellom barn og vaksne, og barnas relasjon/samspel til kvarandre, griper inn og hjelper dei i situasjonar som krev det.
  • Vi samtalar med barna i små grupper om korleis dei har det i barnehagen.
  • Vi er vaksne som tør å sette ord på at mobbing, krenking og diskriminering føregår i barnehagen, og vi er vaksne som gjer noko med det.

Inkluderande barnehage og skulemiljø - felles kulturbyggande prosjekt i storkommunen Sunnfjord

Felles visjon i Sunnfjord storkommune «I vår barnehage arbeider vi kontinuerleg og systematisk med å fremje eit trygt og inkluderande barnehagemiljø, og med å oppdage, undersøkje og førebyggje alle former for krenkingar. Vi stoppar krenkingar og føl opp med eigna tiltak heilt til borna opplever at dei har eit trygt og inkluderande miljø»

I felleskap med dykk foreldre skal vi førebygge og avdekke mobbing og krenkingar.

I arbeidet med førebygging av mobbingar og krenkingar skal vi spele på lag, vi skal gjere kvarandre gode, vi skal avdekke og forhindre krenkingar både i barnehagen og på fritida. Jobben vår sluttar ikkje når barnet går heim, det er då de foreldre tek over ballen. Vi skal ha eit lagspel, vi er Team – Prestebakken, der de foreldre og vi som jobbar i barnehagen vert barnets beste rollemodellar, vi skal i fellesskap sørge for at barna opplever å bli sett, inkludert og verdsatt. Temaet inkluderande barnehage og skulemiljø vil gjennomsyra alle våre pedagogiske møtefora, foreldremøter, foreldrefestar og barnas kvardag. Vi skal være gode rollemodellar og skape eit aktivt og engasjerande forum der vi inviterer til samtaler og refleksjonar, vi har ein viktig jobb å gjere. Og den skal vi gjere i lag 🙂 Som til dømes arbeider vi grundig med at barna skal lære å sette ord på kjenslene sine. Vi arbeidar aktivt med dei vaksne si rolle, det å være ein autorativ vaksen vil sei at det vaksne utøver si rolle i lag med barnet på ein varm og omsorgsfull måte, ein vaksen som set tydlege grenser og viser genuin interesse for barnet.

Tiltak som førebygge mobbing

  • Alle barn skal kjenne seg trygge og føle meistring og tilhøyrigheit.
  • Alle barn skal ha ein trygg relasjon til dei vaksne. Dette krev at den vaksne som kontinuerleg jobbar med å sjå, lytte. forstå og inkludere alle barn.
  • Alle barn skal kjenne til kva forventningar, normer og reglar som skal følgast.
  • Dei vaksne må være eit «venleg gnagsår», vi må være tett på.
  • Alle barn har voksne som ser bakenfor atferd og hjelper dei med å ta gode valg.
  • Barn krenkar kvarandre sjeldan der det byggast trygge læringsmiljø kor vaksne har tid til å sjå barna, bygge gode relasjonar og bygge tillit.

“Mobbing av barn eller unge er handlinger fra voksne/ og eller andre barn/unge som krenker barnets opplevelse av å høre til og være ein betydningsfull person for fellesskapet” (Lund m.fl. 2015)»

Vennskap og felleskap handlar om gode relasjonar. I Prestebakken jobbar vi for at alle skal være ein god ven og ha vener i barnehagen.

Kollektive læreprosessar

I barnehagen har vi vore så heldige å få delta på nettkurs som omhandlar kollektive læreprosessar om dette viktige satsingsområdet. Nettkurset varer i tre semester, med følgjande tre viktige kjernelement som er vist i figuren på sida her.
Nettkurset har som formål å utvikle kompetansen i barnehagar, hos barnehageeigar og barnehagemyndighet, slik at barnehagen oppfyller si plikt i tråd med barnehagelova til å ivareta barnas behov for omsorg, trivsel og inkludering. Gjennom kurset vidarutviklar deltakerne både sin individuelle kompetanse og barnehagens kollektive kompetanse. Dette er eit spennande prosjekt som vi viderefører.

I barnehagen jobbar vi mykje med å lære barna å sette ord på kjenslene sine, dette startar vi med på småbarnsavdelinga og fortset med til barnet går over i skule. Vi jobber med kvart enkelt barn og barna i gruppe. Dette har vi sett og erfart ha vert eit svært viktig tiltak, det er viktig for eit barn å kunne kjenne på og handtere kjenslene sine. No vart eg glad, no vart eg lei meg, no vart eg redd, no fekk eg ein god følelse inni meg. Kva gjorde deg glad?
Kva gjorde deg sint? Vi teiknar, spelar rollespel og brukar kommunikasjon. Grøne og røde tankar.

Kjære foreldre, les høgt for barnet dykkar

Høgtlesing for barna kan være avgjerande for barnas framtidige leseferdigheiter. Evna til å forstå språk utviklast frå barnet er ca 7 månader gamalt. Eit barn i førskulealder skal lære seg mellom 6-10 nye ord kvar dag. I barnehagen les vi mykje for barna, vi prøver å vekke interesse og leselyst ved å fange barnets interesse i det vi les. Vi opplever at dei aller fleste barn storkosar seg når vi les for dei, og vi ser barna vert inspirerte av teksten. Vi er opptatt av at lesestundene skal gje rom for samtale og utvikling av barnas filosofiske evner.

God språkutvikling er grunnleggande, og språkstimulering er ein av dei viktigaste oppgåvene for barnehagen. Barn med ulik bakgrunn, leseerfaring og språkmestring får felles opplevingar og referanserammer gjennom leseaktivitetar. Dessutan møter barna gode mønster for språkbruk både i høgtlesing og i samtalar i forbindelse med lesinga. Leseaktivitetar inviterer barna inn i eit språk som er rikare og meir variert enn kvardagsspråket.

Å forstå barnet innanfra; COS sirkelen

Kopi: https://www.psykologforeningen.no/publikum/velkommen-til-psykologhjelp/hva-er-tilknytning

I Prestebakken barnehage arbeider vi etter Circle of security (COS) sirkelen som også vert omtalt som trygghetssirkelen. Sirkelen er ein tilknytningsmodell som visualiserer barnets behov for deg som trygg og sterk vaksen. Sirkelen handlar om å kunne «sjå» barnet innenfra og forstå signala barnet sender ut. Sirkelen vert også mykje nytta i ulike foreldrerettleiingsprogram.

Bildet av sirkelen visualiserer 3 hovudområder:

  • Utforskingssytemet: toppen av sirkelen
  • Tilknytingssytemet: botnen av sirkelen
  • Omsorgssystemet: hendene på sirkelen

Barnet tilbringer store deler av sitt unge liv i lag med oss vaksne i barnehagen, vi er viktige personar og spelar ei sentral rolle i barnet sitt liv i lag med dykk foreldre. Det å forstå tilknyting gjennom utviklingspsykologi handlar om å forstå barns sosiale og emosjonelle utvikling, stressregulering, psykologisk immunforsvar og psykisk helse. Når barn kjem til deg, vil på fanget, klemme… så kallar vi det gjerne for å «lade», barnet treng di støtte og din omsorg for så å søke nye utfordringar på sirkelen. Les gjerne meir om dette på nettet, du kan og få låne boka «sjå barnet innefra» hos oss i barnehagen. Vi er her i lag med dykk foreldre og vi vil det beste for barnet dykkar.

Barnehagens 7 fagområder

Dei 7 fagområda dekker eit vidt læringsfelt. Dei opptrer ikkje isolert i barnet si læring, men glir over i kvarandre. Dette skjer i alle barnehagens aktivitetar. Tar ein til dømes ein tur i skogen så dekker ein mellom anna fysisk og motorisk aktivitet, språk, matematikk, natur og miljø. Dette avheng også av at vi har trygge gode vaksne som er bevisst si rolle i samspel med barnet. På dei neste sidene finn du ein kort omtale av kvart fagområde.

Viktige sider ved kulturoverføringa er knytt til kommunikasjon, språk og tekst og god språkstimulering er ein viktig del av barnehagens innhald. Kommunikasjon føregår i eit vekselspill mellom å motta og tolke eit bodskap, og å sjølv være avsendar av eit bodskap. Både den nonverbale og den verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikle eit godt munnleg språk. Å få varierte og rike erfaringar er avgjørande for å forstå omgrep. Å samtale om opplevingar, tankar og kjensler er nødvendig for utvikling av eit rikt språk. Tekst omfattar både skriftlige og munnlige fortellingar, poesi, dikt, rim, regler og songar. Viktige sider ved kulturoverføringa er knytt til kommunikasjon, språk og tekst.
I løpet av småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggande motoriske ferdigheiter, kroppsbehersking, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ivareta helse og livskvalitet. Gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verden og seg sjølv å kjenne. Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar barn seg erfaringar, ferdigheiter og kunnskap på mange områder. Barns kontakt med andre barn startar ofte med kroppslege signaler og aktivitetar, krabbe og klyve på kvarandre, dette har stor betydning for utvikling av sosial kompetanse. Godt kosthold og god veksling mellom aktivitet og kvile er av viktigheit for å utvikle ein sunn kropp. Variert aktivitet både inne og ute er viktig for å utvikling av motoriske ferdigheiter og kroppsbehersking. Aktiv bruk av natur og nærmiljø gjev her mange moglegheiter.
Barnehagen skal gjennom sitt arbeid gje barn moglegheit til å oppleve kunst og kultur, og til sjølv å uttrykke seg estetisk. Å være i lag med barna om kulturelle opplevingar og å gjere eller skape noko felles bidrar til samhøyrigheit. Barn skapar sin eigen kultur utifrå opplevingar. Gjennom rike erfaringar med kunst kultur og estetikk vil barn få eit mangfald av moglegheiter for sansing, opplevingar, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. Fagområdet omhandlar uttrykksformer som bilete-kunst og kunsthandverk, musikk, dans, drama, språk og tilhøyrigheit til kulturelle uttrykksformer.
Naturen gjev rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vær. Til dømes er naturen er ei kjelde til gode sanseinntrykk og gjev inspirasjon til estetiske uttrykk. Fagområdet skal bidra til at barn vert kjent med og får forståing for planter, dyr, landskap, årstider og vær. Det er eit mål at barna skal få ei gryande forståing av betydninga av ei bærekraftig utvikling. I dette inngår kjærligheit til naturen, forståing for samspelet i naturen og mellom mennesket og natur.
Barn er tidlig opptatt av tal og telling, dei utforskar rom og form, dei argumenterer og er på jakt etter samanhengar. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barna sin matematiske kompetanse. Barnehagen har eit ansvar for å oppmuntre barna til eigen utforsking og legge til rette for tidleg og god stimulering. Dei yngste barna orienterar seg i romma i barnehagen. Barnet veit kor leikane er, dei veit kor dei et og søv. Barnet kjenner att former, fargar og bokstavar tidleg dersom dei får tilgang på det. Barnehagen skal bidra til at barna får utforske og leike med tal, bli kjent med matematiske omgrep og bli kjend med ulike former.
Etikk, religion og filosofi er med på å forme måtar å oppfatte verda og mennesker som pregar våre verdiar og haldningar. Religion og livssyn legger grunnlaget for etiske normer. Kristen tru og tradisjon har saman med humanistiske verdiar gjennom århundrer prega norsk og europeisk kultur. Respekt for menneskeverd og natur, åndsfriheit, nestekjærligheit, tilgjeving, likeverd og solidaritet er verdiar som kjem til uttrykk i mange religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettigheitane. I Norge er det eit multireligiøst og fleirkulturelt samfunn. Barnehagen skal reflekter og respektere det mangfaldet som er representert i barnegruppa, samstundes som vi tar i vare verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon. Barnehagen skal også lære barna gode samspelsverdiar.
Barnas medverknad til det indre livet i barnehagen er ofte det første skritt for å få innsikt i og erfaring med deltaking i eit demokratisk samfunn. Barnehagen skal medverke til at barna møter verden utanfor familien med tillit og nysgjerrigheit. Barnehagen skal legge vekt på å styrke kunnskap om tilknyting til lokalsamfunnet, natur, kunst og kultur, arbeidsliv, tradisjonar og levesett. Barna skal medverke i å utforske og oppdage nærmiljøet sitt, bli kjent med kulturar og historier som høyre nærmiljøet til. Fagområdet omfattar også medias tyding for barnas liv.

Barns medverknad

”Alle barn skal kunne få oppleve demokratisk deltaking ved å bidra og medverke til innhaldet i barnehagen, uavhengig av kommunikasjonsevner og språklege ferdigheiter.“ (Rammeplan for barnehagar 2017)

Barns medverknad i Prestebakken handlar om å la barna vere med å påverke sin eigen kvardag. Både kroppsleg og språkleg gjev barn uttrykk for korleis dei har det. Dei yngste barna formidlar sine synspunkt ved kroppshaldningar, mimikk og andre kjenslemessige uttrykk som vi vaksne tar på alvor. Å ta barns medverknad på alvor føreset god kommunikasjon mellom barna og personalet, og personalet og foreldre. Det er dei vaksne sin måte å møte barna på som avgjer barnas muligheit til medverknad. Barns medverknad tyder ikkje å gje barna fleire valmoglegheiter, men om korleis personalet forstår si rolle og korleis dei tolkar barna sine intensjonar.

Vi vaksne skal oppmuntre barna til å gje uttrykk for sine tankar og meiningar, barna skal møte anerkjenning for sine uttrykk. Dei skal i form av medverknad ha ytringsfridom, bli sett, høyrt og tatt på alvor. Barna skal bli tatt med på råd om saker som angår deira innhald i barnehagen, dette utifrå alder og føresetnad. Vi vaksne legg til rette for at barna påverkar sin eigen kvardag, vi lyttar til barna, anerkjenner deira opplevingar, tankar og meiningar samstundes som vi er bevisst dei etiske utfordringane. Dei vaksne skal vurdere at barnet har føresetnad for medverknad, at ein ikkje legg eit ansvar på barnet som barnet ikkje har modning for å ha. Vi er vaksne som hjelper barna til å sjå konsekvensar, dette gjennom dialog og refleksjon.

Overgangar

“Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn.” (Rammeplan, 2017).

Overgang heim/barnehage

Det å starte i barnehage er ein stor overgang for eit lite barn, barnet møter ein heilt ny kvardag (det er ein stor overgang for mor og far også :)). Barnet skal verte kjent med nye mennesker i ein heilt ny og ukjent kvardag. Seinare vert det overgang fra liten til stor avdeling, og kanskje til og med til ein heilt ny og ukjent barnehage. Og ekstra spennande er det når barnet skal over i skule, da er det viktig at barnehagen har gode rutinar for overgangar. I Prestebakken har vi tett kontakt med foreldra fra dei søker barnehageplass til oppstart og tida etter. Vi følger ei rutine og tilpassar denne til foreldre og barnas behov.

Overgang liten/stor avdeling

Det å gå frå liten til stor avdeling kan for mange være ein stor overgang, men overgangen er gjerne større for mor og far. Frå tidleg om våren begynner vi å førebu dei «storesmå» at dei skal over på stor avd, vi er på den store uteleikeplassen, mange og hyppige besøk på stor avdeling… det er rett og slett ei spennade tid, og vi ser at barna gledar seg over å være i lag med kvarandre. I Prestebakken vert ikkje overgangen så brå, hugs at dei små barna har delt frukostbord, kjøkken, fellessamlingar og anna leik både ute og inne med dei store gjennom heile barnehageåret, dei har laga mat i lag, og hatt felles samlingsstunder, dei har fått god kjennskap til dei vaksne på stor avdeling. Vår utfordring er å trygge dykk foreldre på at dette går fint, her er dialogen viktig 🙂

Overgang barnehage/skule

Førde kommune har utvikla ein overordna kommunal plan for overgang barnehage/skule. Denne planen seier noko om kven som tek ansvar for dei ulike områda i møte mellom barnehage og skule. Det er eit tett samarbeid mellom barnehagen, styrar/pedagogisk leiar og rektor/klasselærar ved den aktuelle skulen barnet skal ta til på.

  • Barnehagen besøker skulen, dette etter invitasjon og samarbeid mellom barnehage og skule.
  • Overgangsmøte mellom barnehage og skule
  • Besøksdag for foreldre og barn på skulen

Frode Laks – eit overgangsobjekt mellom barnehage og skule

Frode laks er den raude tråden frå barnehage til skule, ein glad Laks som barna i barnehagen skal bli godt kjende med, ein laks som og møter dei når dei begynner på skulen.

Frode laks har ein eigen tekst om korleis han vart til, denne kan du lese meir om på nettsida til Sunnfjord kommune: https://sunnfjord.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-friluftsliv/kulturskulen/kulturskule-for-alle/frode-laks/frode-laks/

I prosjektet Frode Laks i barnehagen vert barna introdusert for dei same bøkene, songane, spela og leikane som dei møter i første klasse på skulen. Det skal være noko barna kjenner att, noko trygt, noko forutsigbart, ja rett og slett Frode Laks.

Det er ei morosam historie, og jammen er det maks flaks at vi har Frode Laks. 😊

Kvifor er dette samarbeidet så viktig?

  • Fordi samarbeid om overgangen frå barnehage til skule er forankra i lovverka, Rammeplan for barnehagen og kunnskapsløftet.
  • Fordi det einskilde barnet sin kompetanse frå heim og barnehage må vidareførast i skulen for å sikre positiv utvikling hos barnet.
  • Fordi foreldre skal være trygge på at barnet vert ivareteke ved overgang barnehage skule.
  • Fordi det ved overgangen barnehage-skule er behov for å ivareta og styrke barna sin sosiale sjølvoppfatning og tryggleik som grunnlag for motivasjon og læring.
  • Å legge til rette for livslang læring har som føresetnad at barnehagen og skule kjenner kvarandre sine kulturar.

Å ta barns fysiske og psykiske helse på alvor

Barns psykiske helse

Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Barnas fysiske og psykiske helse skal fremjast i barnehagen. Barnehagen skal bidra til at barna trivst og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og han skal førebyggje krenkingar og mobbing. (Rammeplan, 2017)

Forsking syner til at barnehagar med god kvalitet er ei langtidsinvestering for å fremme barns psykiske helse (Pianta et al., 2009). Det er her ikkje på tale kva lokaler ein har, eller kva økonomiske ressursar barnehagen har, det essensielle er dei vaksne som arbeider i barnehagen, deira kunnskap, kompetanse og deira relasjonelle eigenskap som avgjer korleis barnehagen påverkar barns psykiske helse. I Prestebakken barnehage arbeidar vi mykje med barnas realsjons kompetanse, vi jobbar aktivt for at barnehagen skal være ein arena for læring, sosial utvikling og etablering av venskap. Å utvikle barnas relasjonskompetanse er sentralt i arbeide med å styrke barnas psykiske helse.

Barns fysiske helse

Vanar og handlingsmønster tek form alt frå tidleg alder av. Gode vanar som ein tileignar seg i barnehagealder, kan vare livet ut. Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse. (Rammeplan, 2017)

Fysisk aktivitet er ei kjelde til mestringsfølelse, glede og velvære. Barn i aktivitet syner ofte glede og begistring, aktivitet gjev mestringsfølelse og er nødvendig for utvikling av sunn fysisk helse. Barnas fysiske helse har også påverknad til barnas mentale helse, evene til samspel, konsentrasjon for å lære, trivsel og yting. I Prestebakken har vi personale som har mykje kunnskap om barns fysiske og psykiske helse og barns psykososiale utvikling. Personalet i Prestebakken skal være ein trygg base for barna, og på den måten skape eit godt utgangspunkt for utvikling av barns helse.

Søk råd

Det å være småbarnsforeldre er ei krevjande tid, kvar dag står ein i ulike situasjonar som kan være både utfordrande og vanskelege, ein opplever at ein ikkje når inn til barnet eller at barnet ikkje spelar på lag. Eller kanskje har de som foreldre utfordringar som gjer at kvardagen kan verte vanskeleg for både deg og barnet. SØK RÅD ! Det kan være fint å drøfte utfordringane i lag med ein fra personale, eller barnehagen kan hjelpe dykk med å søke råd vidare gjennom foreldrerettleiingsprogram som til dømes PMTO og TIBIR. Hugs at ingen utfordring er for liten til å ta opp, og vi som arbeider i barnehagen veit at de er krevjande å være mor og far, søster og bror.

Våre samarbeidspartar

Det viktige samarbeidet

For at barna og foreldra skal få eit mest mogleg heilskapleg tilbod til beste for oppveksten og utviklinga til barna, må barnehagen samarbeide med andre tenester og institusjonar i kommunen. Tverrfagleg og heilskapleg tenking bør derfor stå sentralt. Både foreldra og barnehagen kan ha behov for å samarbeide med ulike hjelpeinstansar.
(Rammeplan for barnehager, 2011)

For at vi skal kunne ta i vare, og gje kvart enkelt barn det beste utgangspunkt for læring og utvikling vil vi i enkelte høve ha behov for samarbeid med andre instansar som er knytt til barnehagens hjelpeapparat. Ingen barn vert drøfta med desse instansane utan at de foreldre har samtykka i det. Foreldre kan også komme til oss for å be om henvisning til hjelpeapparat. Barnehagen er underlagt taushetsplikt og opplysningsplikt i henhold til lov om barnehagar § 21 – §23. Vidare skal vi kort sjå litt på nokre av barnehagens næraste samarbeidspartar, skulen er også ein nær samarbeidspart, dette vert omtale under overgang barnehage skule.

Fellessamling

Kjøkkenet vert nytta som felles arena for alle avdelingane, det er her fellessamlingane føregår. kjøkkenet er vårt hjerte i huset, her er det god plass til alle. I oktober/november startar vi opp med fellessamlingane på kjøkkenet. Her samlast vi ein gong i veka gjennom heile året til felles songstund, i adventstida har vi felles adventsstund. Samlingane startar ca kl. 9.30 og varer omlag ein halv time. Det å vere vertskap og ansvarleg for det pedagogiske innhaldet i samlingane går på omgang. Innhaldet i samlingane er mykje song og musikk, kanskje spelar nokon på gitar? Nokre fortel eventyr, dansar, fortel vitsar og gåter, dramatisering og mykje anna kjekt.

Brannvern

Det er viktig å lære barna gode rutinar for brannvern. Kva skal vi gjere om alarmen går i barnehagen? Mangt skal lærast og dei vaksne skal og øve på sine ansvarsområde når alarmen går. I veke 38 er det nasjonal brannvernveke, dette er litt for tideleg for våre minste barn, vi har valt å ha øvingane i veke 40 når dei minste barna er blitt litt meir trygge på oss og omgjevnadane.
På kjøkkenet har vi fellessamlingar med tema brannvern, då snakkar vi om kva skal gjere når brannalarmen går, vi syng brannvernsongen, ser på bilder av slukkeutstyr og pratar i lag. Barna får også sjå og kjenne på kor tung barnehagens brannslange er.

Barnehagens digitale praksis

“Den digitale praksisen til barnehagen skal bidra til leik, kreativitet og læring. Bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet skal støtte opp om barna sine læreprosessar og bidra til å oppfylle rammeplanen sine føringar for eit rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn” (Rammeplan for barnehagen, 2017)

Digital praksis er ikkje eit nytt omgrep innan barnehage, tidlegare rammeplan 2006 omtalar også bruk av digital praksis. Ei endring er at ny rammeplan er tydlegare på koblinga mellom det digitale og det kreative.

“Personalet skal leggje til rette for at barn utforskar, leiker, lærer og sjølve skaper noko gjennom digitale uttrykksformer» og «personalet skal utforske kreativ og skapande bruk av digitale verktøy saman med barna.” (Rammeplan 2017)
Digital praksis handlar ikkje nødvendigvis om bruk av nettbrett og apper, det handlar om korleis vi forstår og kan gjere bruk av teknologi saman med barna og korleis det teknologiske brukast i barnegruppa for å nå faglege mål.

Å være ein praksisbarnehage

Barnehagen er fast praksisbarnehage for høgskulen på Vestlandet, avtalen er treårig og inneberer eit forpliktande samarbeid i utdanninga av barnehagelærarar. I løpet av året vil de og få helse på fleire studentar som kjem innom for å ha praksis. De vil og få helse på elevar frå Førde vidaregåande skule, dette er elevar som ynskjer å ta utdanning innanfor barne og ungdomsarbeidarfaget. Ein praksislærars rolle er å bidra med eigen yrkeskompetanse og erfaring, rettleie studentane og vurdere students rolle og innsats i praksisperioden. Det å ha student inneberer ein del arbeid for praksislærar, dette både skriftleg og munnleg i form at kontinuerlege rettleiingssekvensar gjennom dagen.
Rettleiing og refleksjon rundt det faglege og praktiske arbeidet er ein viktig del av arbeidet. Praksislærar førebur rettleiinga utifrå problemstillingar frå studenten og tema for praksisperioden. Vi har og elevar frå FUSK. Her er studenten Anette som lærer barna om Holi.

Aldersbestemte grupper i barnehagen

Kvar torsdag, og gjerne oftare deler vi barna på stor avdeling i aldersbestemte grupper på tvers av avdelingane. Plutoklubben (ca 3 år), Måneklubben (ca 4 år), og Stjerneklubben som er dei store femåringane våre. Her kjem det nokre korte bildeglimt frå kvardagen på gruppene, og litt meir om stjerneklubben.

Stjerneklubben

Det er alltid spennande å vere eldst i barnehagen, endeleg få vere med i stjerneklubben. Å få overnatte i barnehagen, få hente juletre i skogen, reise på litt lengre utflukter, oppleve og meistre… For at barna skal få medverke på innhaldet i stjerneklubben har dei vaksne som er ansvarlege for gruppa barnesamtalar med alle, dette i gruppa og kvar for seg. Barna skal medverke på kvardagen sin i barnehagen, det er viktige med lydhøre vaksne som tek barna på alvor.

Måneklubben

Er dei mellomstore barna. Gruppa arbeider mykje med gode relasjonar, oppretthalding og vidareutvikling av vennskap. Dei har ulike aktivitetar og turar i lag. Som gode turområder brukar dei mykje Vetteskogen/Dragemyra. Her finn dei mange ulike naturteikn og spor som dei utforskar.

Plutoklubben

Trollongane våre er dei minste barna på stor avdeling.
Når gruppa samlast har dei ulike turar og aktivitetar dei jobbar med, målet med gruppa er å skape tryggheit, vennskap og tilhøyrigheit på tvers av avdelingane. Gode vennskap etablerast.

Grupper på småbarnsavdelinga

På småbarnsavdelinga deler vi også inn i grupper, då veksler vi mellom ulike aktivitsgrupper. Barna rullerer med å være med på dei ulike stasjonane som leike, vassleik, lese, forming, tur, språk, gymsal, byggeleik-konstruksjon og fysisk aktivitetsgruppe. Dette kan du lese meir om på Rød avdeling sin vekeplan.

Livsgledebarnehage for eldre

Prestebakken barnehage er ein Livsgledebarnehage for dei eldre på aldersheimen i Førde. Målet med prosjektet er å skape glede og gode opplevingar gjennom felles aktivitet med brukarane. Dette er eit fantastisk prosjekt som store og små set stor pris på, og vi lærer mykje.Samværet er prega av mykje glede og latter. Felles oppleving, felles glede 🙂

Karneval i barnehagen... er ikkje berre karneval

Karneval er mangfald og venskap, fokuset vil være på inkludering og venskap. Vi er alle forskjellige, nokon er lyse, nokon er mørke, nokon er lange og nokon er korte. Nokon har blå auge, nokon brune, nokon snakkar dialekt, nokon snakkar eit anna språk, vi har ulike religionar og trur på ulike ting. Det å lære barna om mangfald og respekt for kvarandre er eit viktig område i barnehagen. Vi jobbar med kulissar, teater, sminke, instrument og gode relasjonar. Vi gler oss 🙂 Karneval er gøy 🙂

Kidplan

Dokumentasjon av personalet sitt arbeid synleggjer korleis personalet arbeider for å oppfylle krava i barnehagelova og rammeplanen. Dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet skal inngå i barnehagen sitt arbeid med å planleggje, vurdere og utvikle den pedagogiske verksemda. (Rammeplan 2017)

Barnehagen er ei pedagogisk verksemd som skal planleggast, dokumenterast og vurderast. Dette er prosessar som vi arbeide kontinuerleg med i verksemda. Dokumentasjon gjev foreldre og andre innblikk i barnehagen, og vi får synt fram kva vi gjer på. Planlegging er viktig i forhold til gjennomtenkt og hensiktsmessig bruk av barnehagens menneskelige og materielle ressursar, barnehagens innhald, samt bruk av nærmiljø og nærområde. Barnehagen nyttar ulike måtar å dokumentere på, tildømes er fortellingar om barnets dag i hentesituasjonen ein fin måte å dokumentere verbalt på. Ein anna sentaral hovudkjelde til dokumentasjon i vår barnehage er det nettbaserte tovegs- kommunikasjonsverktyet Kidplan.

 

Hugs at mykje av det som ligg på Kidplan er ”ferskvare”, det handlar om dagen i dag, dette gjeld både vekeplanar, dagsplanar og bileter. Området opplevelsearena vil være eit unikt utgangspunkt til å snakke med barnet om kva barnet har gjort på i dag, få barnet til å fortelje kven som er på bilda og kva oppleving barnet har hatt.

Kidplan er et digitalt verktøy for bruk i barnehagen, bruken er tilpassa digitale plattformer, som nettbrett/ iPad, datamaskiner og mobiltelefoner. Systemet er enkelt å bruke, og nyttast av både tilsette og foreldre med sikker pålogging. Kidplan er også ein plattform for dei tilsette som gjer planlegging og dokumentasjon av barnehagekvardagen enklare. Her lagast det vekeplanar og det planleggast spennande aktivitetar. På enkelt vis er det mulig å dokumentere med ord og bilete, samt lage spennande rapporter.. Ved å bruke Kidplan sparer pedagogane dyrebar tid i det daglege og får frigitt tid til å være meir saman med barna, samt vi sikrar ein lik dokumentasjonspraksis i barnehagen.

 

Progresjon

Progresjon i barnehagen inneber at alle barna skal utvikle seg, lære og oppleve framgang. Alle barna skal kunne oppleve progresjon i barnehage innhaldet, og barnehagen skal leggje til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte høve til leik, aktivitetar og læring. Personalet skal utvide og byggje vidare på barnas interesser og gi barna varierte erfaringar og opplevingar. (Rammeplan 2017)

Ein førehandsskreven progresjonsplan vil aldri kunne være heilt utfyllande for kva progresjon som skjer i det daglege. Vår plan skal gje ein peikepinn på kva de som foreldre minst kan forvente fra barnehagen. Det viktigaste i ein progresjon er at dei vaksne følgjer opp og utviklar det barna er opptekne av. Barna skal oppleve meistring samstundes som dei har noko å strekke seg etter. Barnas progresjon vert drøfta og nøye evaluert kvart år. Nedanfor finn du vår progresjonsplan for 2017/2018. Barnehagen har og eit årshjul der dei ulike fag og progresjonsområda ligg etter årstid, dette årshjulet heng på avdelingane :).

PRESTEBAKKE-SANGEN
(mel: Hu hei kor er det vel friskt
og lett,oppå fjellet, oppå fjellet.)

Ja her kjem vi det kan alle sjå:
prestebakken, prestebakken.
Vi er rød, vi er gul og blå:
Prestebakken, prestebakken.
Og betre kan vi det ikkje få.
Her lever store ilag med små,
Prestebakken, prestebakken.